Idear tek form i OneNote

Last ned appen

Last ned


Flytt enkelt frå Evernote til OneNote og synkronsier notatane på alle einingar gratis. Finn ut korleis


Opprett din måte

Skriblar du ned gode idear på serviettar og klistrelappar? Er skikkeleg arkivering meir din stil? OneNote dekkjer alle behov uansett korleis du formar ideane dine. Skriv på maskin, eller skriv og teikn med den frie kjensla av penn på papir.

Eit nettbrett som viser OneNote på Windows 10

Samarbeid med andre

Teamet ditt er på ferten av hundreårets store idé. Familien din planlegg menyen for ei gjenforeining. Hald deg informert og synkronsiert kvar enn du er.

Bilete av ein person som bruker OneNote på eit nettbrett for arbeid

Tenk med handskrift

Klar. Ferdig. Teikn. Ein peikepenn eller fingertuppen er dei einaste verktøya du treng. Ta handskrevne notat og konverter dei seinare til maskinskreven tekst. Merk kva som er viktig og kom med idear med farger og figurar.

Sterke fargar som er teikna med ei Surface-penn

Tilgang frå kvar som helst

Ta notatar. Det er enkelt å hente fram innhald frå kvar som helst, sjølv om du er fråkopla. Start på den berbare datamaskina og oppdater notatane på telefonen. OneNote fungerer på alle einingar og plattformer.

Bilete av OneNote vist på iPad, iPhone og ei Apple Watch




Betre med Office

OneNote er ein medlem av Office-familen som du allereie kjenner. Utform notatar med punkt henta frå Outlook e-post eller bygg inn ein Excel-tabell. Få meir gjort når alle Office-appane arbeider saman.

Bilete av eit kontorbygg

Få kontakt i klasserommet

Samle studentar i eit samarbeidsområde eller gi individuell støtte i private notatblokkar. Ingen fleire uskrifter eller støtteark. Du kan planlegge timer og distribuere oppgåver frå eit sentralt innhaldsbibliotek.

Oppdag klassenotatblokk

Bilete av OneNote vist på ei Surface Book